tirsdag 29. juli 2014

DAG 1 PRAHA: REISEN NED og ET FABELAKTIG MÅLTID

Vi hadde eit seint ettermiddagsfly, og tok det derfor rolig på avreisedagen. Det vart også avsett god tidsmargin, og vi tok bussen ned til jernbanestasjonen, noko som kom på kr. 20,- til saman, og her var mykje spart samanligna med taxi. Toget kom avgårde, og vi klarte å bevara den gode tidsmarginen også på Gardermoen. Flyet var litt forsinka ved avgong, men ikkje meir enn ca 20 minutter, noko som blei kjørt inn igjen. Vi forlot Hamar i steikande hete, men det var ingen problemer på Gardermoen til tross for økt fokus på sikkerhetssituasjonen. Peter blei for andre gong på 4 dagar plukka ut til tilfeldig kroppsvisitering, men ettersom vi ikkje hadde noko å frykta gjorde det oss ingen ting. Vi la i vei med fire kolli,og dupedittane våre. Flyturen var udramatisk, og vi hadde seter ved kvarandre. Vel framme i Praha tok vi litt tid til å orientera oss, såg litt i taxfree'en, besøkte toalettet og henta koffertane. Så tok vi ein taxi inn til byen, ei reise på ca 20 km. Så tok vi inn på Taurus Hotell i Vinohrad, sentralt i Praha, eit par gode steinkast frå gammeltorget og katedralen. Vi fekk kvistrommet på hotellet, og hadde fin utsikt til Ziztchek TV-tårnet, som vi kanskje skal vitja i morgon. Planane er ikkje heilt klare, men vi fekk innstallert oss på hotellet. Det var grusomt varmt då vi kom, men det ser ut til at air-konditionen virkar som han skal, og han går konstant. Hotellrommet er heilt greit, og Peter gjekk rett i dusjen. Så gjekk vi ut for eit seint kveldsmåltid, og fekk anbefalt ein restaurant som låg nokre hundre meter frå hotellet: Potrefena Husa, ein del av ein kjede av ganske bra kvalitet restaurantar. Potrefena Husa betyr den Skotne Gåsa, og dei har ein gåsefot som logo. Vi vurderte eit øyeblikk ein kinesisk restaurant som låg rett ovanfor hotellet, men, gjekk vidare til Potrefena Husa. På veg dit passerte vi ein daglevarebutikk, og gjekk inn dit for å tanka opp på drikka og kanskje litt nattsnacks. Det var ein interessant runde, med litt lågare prisar enn heim. Prisen på øl, og ikkje minst prisforskjellen var det mest slåande; Peter såg ei flaske øl som kosta 8,40 i koruna, noko som vil seia ca. to femti i norske pengar, noko som var betydeleg billigare enn den chupa chups-ballen som peter kjøpte frå ein automat til 20 koruna, og som berre innheldt ein liten kjærlighet på pinne og ein bitteliten pokemonaktig plastfigur. Vel frame på Potrefena Husa traff vi ei hyggeleg serveringsdame som snakka bra engelsk. Vi landa etterkvart på kvar våre rettar: Peter gjekk for Kyllingbryst med potetstapp og ei bakt potet med fløtekrem, og Vidar hadde tenderloin fra Argentina, også med bakt potet. Dei vart ei stund å venta, men maten var himmelsk. Suverent bra. Peter syntes det såg lite ut, men han vart så mett at han ikkje makta å eta opp. Så tok vi desserten inne; Peter hadde sjokoladefondant og Vidar ananasbitar i jordbærkrem. Med dette oppdaga Peter sin nye desiderte favoritt på matfronten; og forsikra at han skulle bestilla ein slik neste gong han skulle på restaurant også. Vi hadde ein god opplevelse av dette måltidet, og ikkje minst av denne restauranten; det kom på litt over 300 norske kroner for begge inkludert drikke av fleire typar, og vi gav litt ekstra for å syna vår begeistring. Det blei ein pangstart på turen. No skal vi sjå kva vi kan finna på i morgon, etter å ha fått oss litt søvn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar