Då endte vi opp på Slottshøgden, så då blei det ein rask titt på utsida av slottet. På området fantes også ein del andre ting av interesse. Peter fant ei interessant fontene, kor det var slik at hvis ein hindra spruten i eit par åpningar, så kunne ein få til ein ganske kraftig vannsprut.
Som i Oslo er også inngongen til dette slottet bevokta, og her bur også landets president.

Inne på slottsområdet var det fullt av folk, dette er jo ein av hovedattraksjonane i byen.



Som på dei fleste slott i Europa, også her pågåande ombygging og restaurasjon Vi fant dessverre ikkje høve til å gå inn, men eg tok meg ein titt på St.Vitus-katedralen som er ei katolsk domkyrkje.
ST VITUS KATEDRALEN




Flotte glassmalerier i alle slags fargar


Det vi FANT inne på området her var eit privat leiketøysmuseum, som er eit av dei størst i sin type i Europa. Her var det ein god del artige ting:
80-tallsrobot. Robot er faktisk eit tjekkisk ord, som blei oppfunne av den tjekkiske sci-fi-forfattaren Capek
Bamsen med onde øyne
Star Wars C3-PO

Indianeraper.
StarWars JAR JAR BINKS

Lyseple og lyspotet

Endeleg noko for ein ordspelentusiast som Peter
Noas ark er gamalt leiketøy...
skumle øyne på porselensdokka
Star Wars R2D2
Ein liten engelsk slakterbutikk
Soldatar også som sanitetsfolk, og ikkje berre i kampsituasjon, frå 1940-talet.
Supermann
Leiketøymuseet var ei artig oppleving, men no var vi klare for å finna Petrinhøgda. Vi gjekk nedover dei trange gatene i Malestrana nedover mot der kor vi gjekk av t-banen. Vi bestemte oss for å ta ein taxi til der kor taubanen til Petrinhøgda går. Dette minna ganske mykje om Fløien i Bergen, sjølv om den har ein brattare trasé. Det blei ein evig lang venting i køen, og fordi vi hadde is blei vi avvist og måtte stå ein gong til. Omsider var vi oppe. Då såg vi eit kommunikasjonstårn. Peter insisterte på at det såkalte Petrintårnet skulle vera ein kopi av Eiffeltårnet, og det tårnet vi såg ligna ikkje i det heile tatt. Men så gjekk vi litt nedover i parken, og då kom det til syne
Her gjekk vi alle trappene opp, og det var krevande, med ganske bratt høgdestigning. Men det var eit smart system - trappene ned igjen gjekk ein annan trasé så dei ikkje kolliderte. I tårnet var det fleire etasjar, og med opne vindauger, slik at ein kunne ta bilder ut igjennom dei. Suveren utsikt, men ikkje noko kikkert. Gode fotomuligheter men ikkje tillatt å ta bilder med tripod til kamera. Dette tårnet blei satt opp på slutten av 1800-talet og området var eit populært turgåingsområde for folk i byen, mykje på same måten som Fløien i Bergen. Inni fortalde dei litt om anleggets historie.
Så gjekk vi vidare til speillabyrinten. Ein flott disneyaktig inngang:
Vi fekk tatt nokre fine bilder fra tårnet. Her ser vi Karlsbrua sett frå toppen av Petrintårnet:
Også fleire bilder av Praha, oversikts, og St.Vituskatedralen på Slottshøgda:
Dette var ein morsom opplevelse, og vi tok til beina og gjekk ned igjen frå Petrinhøgda. Då var det tid for ein is og ein pust i bakken, og vi tok oss ned igjen til sentrum. Så fant vi ut at vi skulle ta ein taxi til teknisk museum, både fordi det var litt vanskeleg å finna, og fordi det skulle stenga om havlannan time. Vel der, var det mykje artig å sjå.
Vi kunne nok ha brukt meir tid her, men museet stengte, og vi kom oss ned igjen i sentrum. Då var det tid for litt mat. Vi prøvde oss på vietnamesisk, nudlar, med pinnar og alt.
Vi gjekk ned og over brua og tilbake inn i bydelen Stare Mesto, "Gamlebyen", og spaserte litt omkring her. Eg hadde veldig lyst å finna Gourmet-museet om matlagingas historie, men akkurat i det vi fant det, stengte det. Då tok vi t-banen heim til hotellet, og kosa oss der, i det øverste kvistrommet vårt, som takka vera airconditioning var herlig avkjøla. Ein slitsom dag, men full av spennande inntrykk.



























































Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar